Søk
  • Ålesund Sentrumsforening

Nye lokale tiltak fra midnatt 28. mai - 8. juni

Informasjon fra Ålesund kommune:





Ålesund, Sula og Giske kjem i dag med ei ny lokal forskrift. Her kjem nokre lette og det er no tillate med aktivitet for barn på tvers av kommunegrensene. Bruk av heimekontor er no kun eit råd. Vi har målretta tiltak mot situasjonar der smitte oftast skjer. Det er óg framleis påbod om munnbind. Denne nye forskrifta gjeld frå midnatt 28. mai og foreløpig fram til midnatt tysdag 8. juni. Det kan lettast opp før dersom smittetrykket betrar seg. Dette er nokre av endringane i den nye forskrifta:

· Det blir tillate med kampar og aktivitetar for barn og unge under 20 år på tvers av kommunegrensene, så lenge smittesituasjonen tillet det.

· Det blir opna for skjenking av alkohol fram til kl. 22.00, og kun ved bordservering. Det er ikkje lenger eit krav om skjenking knytt til matservering.

· Det er avgrensing i tal på personar som kan delta i private samankomstar og på offentlege arrangement. Sjå full oversikt i forskrifta.

· Det er framleis påbod om munnbind der ein ikkje kan halde minst 1 meters avstand.

- Ålesundregionen opnar meir opp. Men smittesituasjonen hos oss, tilseier at vi må halde litt igjen. Vi ser at smitten skjer mest i private heimar og tette sosiale samanhengar, og vil derfor gradvis nærme oss den nasjonale gjenopninga, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Framleis påbod om munnbind

Den nye forskrifta gir nokre lette men kommunane vil framleis ha påbod om bruk av munnbind.

- Vi held fast på bruk av munnbind ein periode til, for å sikre etterleving av tilrådinga om å bruke munnbind når du ikkje kan halde 1 meters avstand. Det er framleis ein del smitte i samfunnet og risiko for at smitta kan blomstre opp. Det er derfor viktig å følgje smittevernreglane, ha god avstand til andre og låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Heimekontor er framleis tilrådinga Når det gjeld heimekontor, er det lokale påbodet no fjerna. Det er likevel tilrådd nasjonalt å ha heimekontor for dei som kan, og Ålesund, Sula og Giske kommunar støttar seg til dette.

Felles vedtak for Ålesund, Sula og Giske

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug og ordførar i Sula, Jim-Arve Røssevoll er samstemte i at det er naturleg at dei tre kommunane gjer felles vedtak i denne saka:

- Ålesund, Giske og Sula er ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion der folk reiser mykje mellom kommunane i arbeid og fritid. Vi vel derfor å fortsatt samkøyre våre tiltak. Sula og Giske kommune har gjort likelydande vedtak som Ålesund, og forlenger si forskrift.

Nye nasjonale reglar og råd

Frå torsdag 27. mai blei det innført nye nasjonale reglar og råd. Kommunane sine reglar i forskrift er gjeldande der dei skil seg frå dei nasjonale.

Lokale råd for Ålesund, Sula og Giske:

· Det er kun tilrådd med besøk av 5 personar heime. Besøk må gjerne skje ute. Det er unntak for barn i barnehage og skolekohort.

· Det er eigne reglar for fullvaksinerte kring besøk. Sjå nasjonale reglar for meir informasjon.

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (Covid-19) i Ålesund kommune i Møre og Romsdal

Heimel: Fastsett av kriseleiinga i Ålesund kommune med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) § 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Ålesund kommunestyre til kriseleiinga i sak 57/19.

§ 1. Formål

Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i lokalsamfunnet.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Ålesund kommune. For Ålesund kommune gjeld nasjonal Covid 19-forskrift med dei endringane og tillegg som følger av denne lokale forskrifta.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Tal på personar som kan vere til stades på eit arrangement

Sjølv om krava til avstand i § 13c i nasjonal Covid 19-forskrift blir oppfylte, skal det ikkje gjennomførast arrangement med fleire personar som samtidig er fysisk til stades enn:

a) 10 personar innandørs eller 20 personar utandørs på privat samankomst som regulert i § 13 første ledd i nasjonal Covid 19-forskrift bokstav e, likevel slik at barn i same kohort i barnehage eller barneskole kan møtast med det talet vaksne som er nødvendig for å gjennomføre arrangementet .

b) 20 personar på innandørs arrangement som regulert i § 13 i nasjonal Covid 19-forskrift første ledd bokstavane a til d, likevel

1) 50 personar på arrangement som samlar deltakarar under 20 år som bur i same kommune. Det same gjeld for arrangement som samlar deltakarar under 20 år som bur i forskjellige kommunar, men som deltar på organisert trening, øving, prøver og likande i same kommune.

2) 100 personar der alle i publikum sit på faste, tilviste plassar.

c) 200 personar på utandørs arrangement som regulert i § 13 i nasjonal Covid 19-forskrift første ledd bokstavane a til d, likevel 600 personar der alle i publikum sit på faste, tilviste plassar.

Ved arrangement der det er meir enn 200 personar til stades samtidig, skal dei som er til stades bli fordelte i grupper med inntil 200 personar. Det skal heile tida vere minst to meter avstand mellom gruppene.

Grupper med inntil 200 personar kan skiftast ut i løpet av arrangementet, dersom det blir gjort på ein smittevernfagleg forsvarleg måte og det ikkje er kontakt mellom dei.

Følgande personar skal ikkje reknast med i det totale talet på personar som kan vere til stades på arrangement:

a) tilsette og oppdragstakarar som står for gjennomføringa av arrangementet.

b) utøvande kunstnarar ved gjennomføring av kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør.

c) toppidrettsutøvarar, støtteapparat og dommarar ved gjennomføring av idrettsarrangement.

d) spelarar, støtteapparat og dommarar ved gjennomføring av seriekampar i toppfotball (fotballseriar) som Norges Fotballforbund har bestemt er klare til å følge forbundets smittevernprotokollar utarbeidd i samarbeid med Helsedirektoratet.

e) journalistar, fotografar og øvrige representantar frå media som er nødvendige for å sikre mediedekning av arrangementet.

Ved arrangement slik som i § 13c tredje ledd bokstav f, i Covid 19-forskrifta inngår alle som er til stades, inkludert utøvarar og støtteapparat, i berekninga av det totale talet på personar.

§ 5. Krav til smittevernfagleg forsvarleg drift ved serveringsstader

Serveringsstader, som restaurant, kafe, bar og pub, og utestader, som diskotek, nattklubb og liknande, kan halde opent dersom drifta er smittevernfagleg forsvarleg. Smittevernfagleg forsvarleg drift vil seie at verksemda skal sørge for at besøkande og personell kan halde minst 1 meters avstand til personar i anna husstand, at den har utarbeidd rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at disse rutinane blir overhaldne. Serveringsstaden skal sørge for at det er minst 1 meters avstand mellom sitteplassane når gjestane kjem, og at dette blir tatt omsyn til ved bestilling av bord, likevel slik at husstandsmedlemmar kan sette seg nærare kvarandre. Serveringsstaden skal treffe tiltak for å minne besøkande om at dei bør halde avstand til andre enn husstandsmedlemmar.

Serveringsstaden skal ikkje ha servering for privat samankomst med fleire enn 10 personar.

Serveringsstader som har skjenkeløyve, skal berre servere alkohol ved bordservering, og det skal være sitteplassar til alle gjestar.

Serveringsstader som har skjenkeløyve skal ikkje sleppe inn gjester etter kl. 22.00. Utøving av skjenkeløyve etter alkohollova kapittel 4 og 5 skal avsluttast kl. 22.00.

Konsum av utskjenka alkoholholdig drikk må avsluttast seinast 30 minutt etter dette. Dette er ikkje til hinder for å utøve skjenkeløyve som gjeld minibar eller room service.

Serveringsstader som har skjenkeløyve skal registrere kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det. Det er tilstrekkeleg å registrere opplysningane til ein person i kvar gruppe. Serveringsstaden skal likevel oppmode til at flest mogleg oppgir kontaktopplysningar. Med kontaktopplysningar meinast informasjon som gjer det mogleg å kome i kontakt med gjesten, for eksempel telefonnummer. Serveringsstaden skal også registrere dato og tidspunkt for besøket, og om mogleg plassering i lokalet. Kontaktopplysningane skal berre brukast for å bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing etter smittevernlova § 3-6. Ved førespurnad skal opplysningane bli utleverte til dette formålet. Opplysningane skal oppbevarast forsvarleg og slettast etter 14 dagar. Serveringsstaden skal informere den som blir registrert om formålet med registreringa og kor lenge kontaktinformasjonen blir oppbevart.

§ 6. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

§ 7. Ansvar

Ålesund kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 8. Straff

Forsetteleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.

§ 9. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 28.05.21 kl 24.00, og gjeld fram til 08.06.21 kl. 24.00.

78 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle