Søk
  • Ålesund Sentrumsforening

Ålesund Pride og The North West i uke 35


Foto: Marit Brunstad, Sponland Foto.


I veke 35 skal både The North West og Ålesund Pride gå av stabelen for å lage folkefest for heile regionen! Det blir ei heil veke med arrangement frå tidleg til seint. Frå 30.08.-05.09. er det planlagt over 40 arrangement i Ålesund av ulik storleik. Dei store konferansane blir på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) på Campus Ålesund. I tillegg blir det brukt ulike arenaer i Ålesund sentrum og på Atlanterhavsparken.


Kjerna i det heile er å utvikle ein god og framtidsretta region med positiv utvikling og plass til alle. Torsdag 02. september er via til framtidsretta næringslivsutvikling. Dagen følgjer to løp, det eine med eit konkret innhald retta mot det marine og maritime næringslivet vi har i vår region. Det andre generelt retta til næringslivet og har tema som sirkulær økonomi, verdikjeder, grøn vekst og energi. Resten av veka vil vere fylt av arrangement der vi tar opp tema som er viktige for alle oss som bur i regionen. Med unntak av «International SDG Conference», er alle arrangement under The North West gratis å delta på. Finansieringa av The North West skjer i tett samarbeid med lokalt og nasjonalt næringsliv. Detaljert program kjem fortløpande utover våren, men vi oppfordrar alle til å sette av datoane!


NOKRE VIKTIGE PROGRAMPOSTAR:

Ålesund Pride (heile veka) The North West og Ålesund Pride samarbeider tett gjennom veka. Dette skal farge både regionen og The North West i regnbogefargar. Mangfald er heilt kritisk for å nå berekraftsmåla og utvikle gode samfunn. Det blir ulike arrangement og det heile blir toppa med pride-parade laurdag 04. september.


Idrett og berekraft (31. august) I samarbeid med Norges Idrettsforbund og Norges Fotballforbund arrangerer The North West eit nasjonalt arrangement om Idrett og berekraft. Der tar vi opp tema som utanforskap, likestilling og mangfald i idretten.


International SDG Conference i samarbeid med FN. (01. september)

Konferansen er ein nasjonal og internasjonal møteplass i samarbeid med FN-prosjektet U4SSC. Hovudtema for dagen er havet og energi. Her skal vi få høyre om både utfordringar og løysingar frå heile verda, som gir grunnlag for nye tankar og gode diskusjonar om lokale tilhøve i Noreg. Det blir lagt opp til at det skal vere ein debattarena med sterk relevans for samfunnsutviklinga. Fleire lokale kunstnarar er involverte i å gjere opplevinga heilt spesiell for alle som deltek.


Opning av Vitensenteret på Atlanterhavsparken (01. september) Opninga av Vitensenteret på Atlanterhavsparken sparkar i gong ei nasjonal satsing på livet i havet og korleis vi forvaltar havressursane våre.


Arrangementserie «Kunstens pris vs. Kunstens verdi»

I samarbeid med ei rekke lokale kunst- og kulturaktørar arrangerer vi ein serie som skal sjå på kunstens verdi. Spesifikt kunstens sosiale verdi, kunstens eigenverdi og kunstens kommersielle verdi.


Ungdommens berekraftskonferanse (03. september)

I samarbeid med Ungt Entreprenørskap arrangerer vi ein nasjonal konferanse om berekraft av og for ungdom. Her skal ungdommane vere i fokus og det blir mellom anna innovasjonscamp, inspirerande foredrag og konsert.


Berekraftsmarsj og konsert på Aksla med ein stor artist (04. september)

Etter pride-paraden vert det berekraftsmarsj opp trappene til Fjellstua og utekonsert med ein artist av internasjonalt kaliber. Artistslepp kjem.


Arenakunstnar

Nytt av året er at The North West har ein eigen arenakunstnar. I 2021 er dette Bent Erik Myrvoll. Han er i tillegg til å vere utøvande kunstnar, forskar med doktorgrad i pigment. Han vil gjennom heile veka sette sitt preg på byen og arrangementa med både kunsten og forskinga si for å gjere opplevinga heilt spesiell.

3 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

KONTAKT OSS

Daglig leder, Monica Molvær

Telefon: (+47) 975 01 202

E-post: post@sentrumsforening.no

Besøk oss: Skateflukaia, 6002 Ålesund

Inngang via Ålesund Turistkontor

Org.nr: 876.61.5932

Design av VISUELLA

SOSIALE MEDIER

  • Hvit Facebook Ikon
  • Hvit Instagram Ikon